Velkomen til Askvoll Padleklubb. Ein høgst oppegåande padleklubb langt vest!

Satsningsområde:

  • Aktivitetar innan barne- og ungdomsarbeid. Vi har aktivitetsdagar for skular og lag gjennom heile året.
  • Introkurs og grunnkurs for folk i alle aldre.
  • Turar for medlemmane kvar torsdag ettermiddag på hausten.
  • Arrangere Vårslepp og Stormsamling på Bulandet

*Om du er interessert i å ta introkurs (3 timar), send ein epost til leiaren (Roger Kløvtveit). Viss du er interessert i 16 timars grunnkurs eller teknikkurs i Askvoll, kan du klikke på denne lenka.

Nye bilder

Artikkel i Padling

Askvoll padleklubb hadde teknikkurs Ung i fjor sommar. Ein artikkel frå desse dagane, vart trykt i bladet; Padling. Du kan lese denne artikkelen elektronisk her:

Teknikkurs Ung

Askvoll padleklubb på facebook

På Askvoll padleklubb sin facebook- side, er det høve til å sjå på, og bestille bilete frå Stormsamlinga 2011. Fotograf er Hans Petter Sørensen.

Stormsamlinga 2011

Då var Stormsamlinga over for i år. Det var andre gong Askvoll padleklubb arrangerte samlinga i lag med Njord og God Tur i Bergen.

Det var rundt 60 padlarar til stades denne helga. Vi arrangerte grunnkurs og teknikkurs, og God Tur hadde lagt aktivitetsleiarkurset sitt til Bulandet. Veret var litt grått og vindfullt på laurdagen, men sola skein og det vart vindstille på søndag! Mykje god padling denne helga på Bulandet!

Treningsøkt på Øyra!

Laurdag 17. september blir det høve for dei ungdommane som har grunnkurs å få trene seg litt. Vi startar opp klokka 10.00. Ver presis! Viss det er interesse for det, tek vi ein liten tur.

Stormsamling 2011 på Bulandet 30 sept. til 2 oktober

Askvoll padleklubb gjentek suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling til hausten. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som i fjor vert det ei litt anna stormsamling enn tidlegare. Vi har berre 40 plassar tilgjengelege. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid, vert det litt færre plassar enn ved tidlegare stormsamlingar. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Padleklubben representert på ASKR

Nina og Lene deltek på Arctic Sea Kayak Race (ASKR) i Vesterålen denne veka. I dag har dei padla frå Rekøy til Gaukværøya som ligg vest for Bø i Vesterålen, ei strekning på ca. 36 km. Nina sende meg ein SMS med bilde av leirplassen for natta som var så flott at eg legg det ut her.

Skjærgårdstreffet 2011

Askvoll padleklubb hadde aktivitetar for ungar fredagen på Skjærgårdstreffet. Oppunder 100 ungar fekk prøve padling i doble kajakkar på Øyra. Ungdom som har teke grunnkurs og teknikkurs i klubben, var med som hjelparar.

Alle bilete frå dagen ligg her.

Teknikkurs Ung

Måndag 11. og tysdag 12. juli var det teknikkurs for ungdom. 6 deltakarar hadde meldt seg på Kurshaldar var formann i klubben vår; Roger Kløvtveit.

.

.

Grunnkurs for ungdom

I dag har Oddvinn hatt første dag av grunnkurset for ungdom. Det var i alt 5 deltakarar. To jenter og tre gutar. Og som alle grunnkurs for ungdom, vart det mykje bading og leik. Ein sporty gjeng som ikkje var redde for å bli våte!

Alle bileta frå første dagen ligg her.

Aktivitetsveka 2011

Tysdag 14. og onsdag 15. juni hadde klubben aktivitetar for elevar ved Askvoll skule. Vi padla tre turar innover mot Kyllaren. Tysdagen var det litt regn og godt med vind. Onsdagen klarna det opp litt.

Alle bileta frå dagane finn du HER!

Grunnkurs i padling for ungdom frå 13- 18 år.

GRUNNKURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13 til 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune med på grunnkurs i padling laurdag 18. og søndag 19. juni 2011. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Teknikkurs i padling for ungdom frå 13- 18 år.

TEKNIKK- KURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13- 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune med på teknikkurs i padling måndag 11. og tysdag 12. juli 2011. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Vårsleppet på Bulandet 2011

Då var Vårsleppet vel i hamn for i år. Tolv var påmelde denne gongen. Vi hadde medlemmar frå Askvoll, Herøy og BSI. Vi valde å ikkje organisere så mykje denne gongen. Dette treffet var meint som ein møtestad for padleglade folk som hadde pakka bort skiene og var klare for å feire påska på sjøen.

Vårslepp i Bulandet

Våren er vonaleg ikkje så langt unna så Askvoll padleklubb inviterer med dette til Vårslepp 22 til 24 April 2011 i Bulandet.

Etter ynskje frå mange padlarar så vil vi ta sikte på å ha eit arrangement der padle og matglede er i fokus, på grunn av dette har vi velt å ikkje arrangere kurs av noko slag. Vi vil heller ikkje setje opp formelle guida turar. Dette vil verte sett opp på Stormsamlinga den 30 september til 2 oktober 2011.

Godt Nytt År !

Eg vil ønskje alle padlevenner eit riktig Godt Nytt Padleår !

På bloggen min finn de tekst og bilder frå padleturane mine: KjellAY

Stormsamlinga 2010

Askvoll padleklubb arrangerte Stormsamlinga for første gong no i helga. Tilsaman var det litt over 50 deltakarar ute på Bulandet på grunnkurs, teknikkurs, guida tur og surfekurs. På laurdagen var det ganske rolege vindforhold, men det var likevel stader som eigna seg til litt surfing. Sundagen var det litt meir vind slik at dei på surfekurset den dagen, fekk prøve seg i meir bølgjer. Laurdag kveld fekk vi servert nydeleg breiflabb og dessert hos Liv Turid i Floren. Der var det også framsyning av bileta frå dagen. Takk til Roger, Oddvinn, Hallvard, Elin, Lars Bjarte og Jan Kåre for fotograferinga!

Du finn bilete frå samlinga: HER

Stormsamlinga på Bulandet 8.- 10. oktober

Askvoll padleklubb gjentek suksessen frå Vårsleppet, og arrangerar Stormsamling til hausten. Sponsorar er Njord og God Tur.

Denne gongen vert det ein litt anna stormsamling enn tidlegare. Vi har berre 40 plassar. Sidan samlinga på kveldane vert i Fjøsen hos Liv Turid, vert det litt færre plassar enn ved tidlegare stormsamlingar. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Torsdagspadling i haust!

Vi kjem til å ha ein fast padledag i haust. Det vert på torsdagar klokka 17.30.

Kvar gong kjem det til å vere med ein aktivitetsleiar som har ansvaret. Dei som skal bruke våtdrakt, må hugse bytekle og handkle. Dette er dagane det blir tur:

Familiedag i Holmedal 8. august

Søndag 8. august var medlemmar på nytt til stades på familiedagen i Holmedal med kajakkar. Dei som vil fekk prøve ein tur i dobbel kajakk. Mange nytta høvet og fekk seg ein fin tur i roleg sjø. Veret var overskya og ganske mildt.

Skjærgårdstreffet 2010

Fredag 16. juli var det aktivitetsdag på Øyra i forbindelse med Skjærgårdstreffet. Vi i padlegruppen hadde seks doble kajakkar i bruk heile dagen. Ca 100 ungar fekk prøve seg utpå.

Mykje moro for både store og små..

Padle på Kobbeskjerkvelden?

Har fått oppmoding frå Linda Hovland i Dale:

Skal vi få til ein felles padletur inn til Kobbeskjerskvelden i Flekkefjorden 6.august?
Les mer…

Klubbtur til Bulandet

Den 5. og 6. juli var medlemmar av klubben på tur til Bulandet. Måndagen vart brukt til å spele inn opptak med padling, som blir sendt på NRK i “Sommeråpent” måndag 12. juli.

Her er innslaget som vart sendt: Padleinnslag frå Bulandet

Aktivitetsveka i Askvoll

Her er bilete frå tre dagar med padling frå Øyra og innover mot Kyllaren. Elevar frå 4. klasse til 10.klasse fekk prøve dobbelkajakk. Elevane i 9. og 10. klasse fekk også tilbod om å prøve enkel. Vi var stort sett heldig med veret alle dagane. Måndag var det sterk vind, så det måtte mykje padling til for å kome seg framover. Med litt slepehjelp gjekk det bra!

Fleire bilete frå dagane finn du her

Askvoll Padleklubb

Følges av 24 medlemmer.

På denne sida vil du finne informasjon om Askvoll Padleklubb. Her vil vi også leggje ut bilete frå turar og aktivitetar, aktivitetar i framtida, artiklar mm.

INFORMASJON OM DENNE SIDA: På denne sida er det kun medlemmar i klubben som kan skrive. Men all informasjon og bilete ligg opent for alle. Dersom du har lyst til å bidra, må du først melde deg inn i klubben, så må du inviterast inn på denne sida.

Kontakt:

Roger Kløvtveit: e-post

Odin Hestholm: e-post

Kjell Yndestad: e-post
_________________________________________________
Askvoll Padleklubb er tilknytta idrettslaget AHIL.

_________________________________________________ Mer om sonen

Origo Askvoll Padleklubb er en sone på Origo. Les mer

Styret i Askvoll Padleklubb:

  • Leiar/sekretær: Roger Kløvtveit
  • Nestleiar/web: Odin Hestholm
  • Kasserar: Jørn Magne H. Larsen
  • Styremedlem: Oddvin Ravnøy
  • Styremedlem: Nina Haugstad

Bassengtrening:

Vi trenar i bassenget på Askvoll skule heile vinterhalvåret. Klokka 19.00 til 21.00 kvar torsdag.


Lenkjer:

Njord

God Tur

Norges Padleforbund

Kajakk1

Kjell sin blogg

Lene sin blogg

Odin sin blogg

Annonse