Stormsamlinga 2010

Askvoll padleklubb arrangerte Stormsamlinga for første gong no i helga. Tilsaman var det litt over 50 deltakarar ute på Bulandet på grunnkurs, teknikkurs, guida tur og surfekurs. På laurdagen var det ganske rolege vindforhold, men det var likevel stader som eigna seg til litt surfing. Sundagen var det litt meir vind slik at dei på surfekurset den dagen, fekk prøve seg i meir bølgjer. Laurdag kveld fekk vi servert nydeleg breiflabb og dessert hos Liv Turid i Floren. Der var det også framsyning av bileta frå dagen. Takk til Roger, Oddvinn, Hallvard, Elin, Lars Bjarte og Jan Kåre for fotograferinga!

Du finn bilete frå samlinga: HER

Fire surfevideoar frå helga ligg HER

Vist 1140 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Eg vil gjerne rette ein stor takk til alle som var med å hjalp til for å få denne samlinga til å skje, både klubbmedlemmer og deltakarar. Å arrangere ei såpass stor samling er mykje arbeid for ein liten klubb og det er flott at så mange vil vere med oss ut å padle i fantastiske Bulandet.
Klubben har allereie bestilt Floren og hytter med Liv Turid for andre helga i oktober neste år (7-9) etter ei kjapp samråing på ferga sundag kveld.

Mange flotte bilete å sjå her. Vi linkar til denne saka frå framsida av firda.no, slik at det er potensiale for at endå fleire får sjå desse bileta.

Annonse

Nye bilder