Viser arkivet for stikkord 2009

Stormsamlinga 2009

Stormsamlinga 2009 029

Då var Stormsamlinga 2009 overstått. Det var to flotte dagar med mykje padling og sosialt samvere. Mange medlemma frå klubben vår nytta høve til å ta kurs eller berre nyte dagane på sjøen. Roger styrte det meste med sikker og profesjonell hand.

Bileta frå dagane finn du her

Lars Grepstad sine bilete frå samlinga kan du sjå og bestille her

Her er eit par videoar frå rockhopperkurset:

Bilete frå Vårsleppet

2 nydelege dagar med mykje padling, det var utruleg mange frå vårt nærområde med på grunnkurs og teknikkurs. Vi vonar at mange av desse vil melde seg inn i klubben no.

Gratulerer til Odin som bestod samlinga sin “Boot Camp” Aktivitetsleiarkurset, den gjengen fekk verkeleg køyrt seg! Nybegynnarkurs og Rockhopperkursa berre kosa seg slik ein skal gjere på tur :).

Eg vil og gratulere Sander, som vart kåra til samlinga sitt største rulletalent, Joakim frå Puddefjorden kajakklubb fekk pris som balanseringskunstneren.

Takk til alle andre som hjalp til og som instruerte på ein fantastisk måte, det var ei super stemning.
Bilete ligg i mappa kalla vårsleppet

Her er ein video som viser Linda som trener på støttetak, med eskimoredning til slutt :-) Filma av Jørn Magne.