Viser arkivet for stikkord 2011

Askvoll padleklubb på facebook

På Askvoll padleklubb sin facebook- side, er det høve til å sjå på, og bestille bilete frå Stormsamlinga 2011. Fotograf er Hans Petter Sørensen.

Stormsamlinga 2011

Då var Stormsamlinga over for i år. Det var andre gong Askvoll padleklubb arrangerte samlinga i lag med Njord og God Tur i Bergen.

Det var rundt 60 padlarar til stades denne helga. Vi arrangerte grunnkurs og teknikkurs, og God Tur hadde lagt aktivitetsleiarkurset sitt til Bulandet. Veret var litt grått og vindfullt på laurdagen, men sola skein og det vart vindstille på søndag! Mykje god padling denne helga på Bulandet!

Takk til Liv Turid for nydeleg mat og god service! Takk til alle som tok bilete også! Håpar å sjå mange att neste år!

Alle bileta frå samlinga finn du HER.

Stormsamling 2011 på Bulandet 30 sept. til 2 oktober

Askvoll padleklubb gjentek suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling til hausten. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som i fjor vert det ei litt anna stormsamling enn tidlegare. Vi har berre 40 plassar tilgjengelege. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid, vert det litt færre plassar enn ved tidlegare stormsamlingar. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Det vert grunnkurs, teknikkurs, aktivitetsleiarkurs og medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Verdas beste middag, kaffi og dessert i Floren på Laurdag kveld, er inkludert, drikke til maten tek de med sjølve.

Totalt har vi 16 stormpass, 8 plassar på grunnkurs, 8 plassar på teknikkurs, 8 plassar på aktivitetsleiarkurs

Tilsaman 40 plassar.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen.

Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

Ferjetider finn de på www.ruteinfo.net

Kva kostar så dette?:

Stormpass: 1000,- inkl guida turar og middag laurdag
Grunnkurs: 2300,- inkl middag laurdag
Teknikkurs: 2300,- inkl middag laurdag
Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,- for heile helga, vi leiger kun ut heile pakkar med kajakk, åre, trekk, våtdrakt, jakke, sko etc.

Send mail til oss på stormsamling@gmail.com for påmelding, betaling og andre detaljar.

Seinaste påmeldings / betalingsfrist er 20 september 2011, hugs at det er bindande påmelding!

Bli fan på Facebook, sjå http://www.facebook.com/pages/Askvoll-Padleklubb/283238932315

Antal påmelde per 26 august:

Grunnkurs (8 plassar): 8 påmelde (FULLT)

Teknikkurs (8 plassar): 8 påmelde (FULLT)

Aktivitetsleiarkurs (8 plassar): 8 påmelde (FULLT)

Stormpass (16 plassar): 16 påmelde (FULLT)

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten (stormsamling@gmail.com) eller kontakt tlf nr
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet

Styret i Askvoll Padleklubb