Viser arkivet for stikkord 2012

Stormsamlinga 2012

Då var Stormsamlinga 2012 vel i hamn. Veret var svært varierande dene helga, med sol, regn, hagl, stiv kuling og vindstille. Det vart halde grunnkurs, teknikkurs og guida turar både innaskjærs og utaskjærs. Laurdag kveld var det samling i Floren, med fantastisk breiflabb, torsk og lammegryte. Takk til Liv Turid for god oppvartning! Også takk til alle som tok bilete som vi fekk bruke her på sida!

Alle bileta frå dagane kan du finne HER.

STORMSAMLING 2012

Hei alle gode padlevener.

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 28 til 30 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som dei siste tre åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Det vert arrangert grunnkurs og teknikkurs, medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

På laurdags kvelden vert det verdas beste middag, kaffi og dessert i Floren er inkludert i kurs og pass, det vil vere sal av vin og øl i baren til ho Liv.

Totalt har vi 30 stormpass, 8 plassar på grunnkurs, 8 plassar på teknikkurs. Til saman 46 plassar.
Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen. Vi oppmodar dei som har musikkinstrument til å ta med, kanskje får vi til ein ”padleband jam” slik som i fjor.

Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

Ferjetider finn de på www.ruteinfo.net

Kva kostar så dette?:
Stormpass: 1000,- inkl guida turar og middag laurdag
Grunnkurs: 2500,- inkl middag laurdag
Teknikkurs: 2500,- inkl middag laurdag

Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,- for heile helga, vi leiger kun ut heile pakkar med kajakk, åre, trekk, våtdrakt, jakke, sko etc.

Send mail til oss på stormsamling@gmail.com for påmelding, betaling og andre detaljar.
Seinaste påmeldings / betalingsfrist er 20 september 2012, hugs at det er bindande påmelding!
Bli fan på Facebook :) her

Antal påmelde per 3 september:

Grunnkurs (8 plassar): 2 påmelde
Teknikkurs (8 plassar): 5 påmelde
Stormpass (30 plassar): 28 påmelde

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten (stormsamling@gmail.com) eller kontakt tlf nr
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet
Styret i Askvoll Padleklubb

Skjærgårdstreffet 2012

Askvoll padleklubb hadde padleaktivitet for store og små, fredag 20. juli, under familiedagen på Skjærgårdstreffet. Nesten hundre ungar fekk prøve å padle i doble kajakkar, fordelt på seks grupper.
Vi hadde god hjelp av desse ungdommane i dag:

Dei har teke grunnkurs/ teknikkurs med klubben, og hjalp til med å ha kontroll på flokken i den sterke vinden..

Alle bileta ligg HER!