Viser arkivet for stikkord askvoll

Aktivitetsveka torsdag

Torsdagen var det høve for dei som berre ville prøve padling litt, å melde seg på halvdagsaktivitet. Vi hadde ei gruppe ute før lunsj, og ei etter. Dei som hadde teke grunnkurs frå tidlegare fekk padle i enkle kajakkar.

Alle bileta frå denne dagen ligg her

Grunnkurs aktivitetsveka 2016

Denne veka hadde vi 12 elevar på grunnkurs tysdag og onsdag. Det var elevar frå 7. til 9. klasse. Alle gjorde ein flott innsats!

Alle bileta ligg her

Padling med 1.- 4. klasse

Tysdag 31. mai var det padling for alle elevane frå 1. 4. klasse ved Askvoll skule. Veret var heilt perfekt, med fine temperaturar og vindstille. Alle fekk prøve seg i dobbel kajakk med ein 9 .klassing som satt bakarst og passa på. Ein kjekk dag for alle involverte!

Alle bileta finn du her

Skjærgårdstreffet 2014

Askvoll padleklubb hadde også i år aktivitetar på aktivitetsdagen. Både store og små fekk prøve kajakk, nokre for første gong.

Alle bileta frå dagen finn du HER

Aktivitetsveka 2014


I år fekk vi til å arrangere grunnkurs for dei ungdommane som ville det i løpet av aktivitetsveka ved Askvoll skule. 15 elevar melde seg på kurset som vart gjennomført på måndagen og tysdagen. Alle bestod kurset med glans, og alle fekk utdelt våttkort med grunnkurs- oblat. Første dagen vart det etterkvart så mykje vind at det var ei utfordring å halde deltakarane samla! Tysdagen vart det heldigvis litt rolegare vindforhold, slik at vi fekk gjennomgått alt pensumet på kurset. Kurshaldarar var Jørn Magne H. Larsen og Odin Hestholm. Onsdagen var det dei som hadde valt padling, men ikkje kurs, sin tur. Då vart dei doble tekne i bruk i tillegg til nokre enkle. Alle bileta frå dagane finn du HER!

Valfag 9.klasse

I dag, 3. oktober var det 9.klasse sin tur til å ha padling i valfaget: “Fysisk aktivitet og kosthald”.

I dag fekk vi også bruk for dei nye Atlantic LV- kajakkane vi har kjøpt frå God Tur i Bergen. Alle bileta frå dagen ligg HER.

Stormsamling 2013

Då var Stormsamlinga 2013 over. Tusen takk til ale som var med på å gjere denne samlinga til ei kjekk helg. Det var mykje fin padling i helga. Både flotte turar og luftige svev..

Det var guiding og “lause” turar ut i bølgjene begge dagane. Laurdag kveld var det fantastsk middag i floren til Liv Turid. Årets samling hadde også levande musikk med gruppa: Sunday Morning. Alle bileta frå samlinga finn du HER
Neste års Stormamling vert 26.- 28. september! ;-)

Valfag: Fysisk aktivitet

I dag hadde 8. klasse valfag “Fysisk aktivitet” med padling på planen. 16 elevar fekk prøve padling i dag. Dei elevane som har teke våttkort med klubben vår, fekk padle i enkle kajakkar.

Alle bileta frå dagen ligg HER.

Grunnkurs Ung 2013

Denne helga hadde vi grunnkurs Ung i klubben. To jenter og fire gutar hadde meldt seg på. Vi var heldige med veret begge dagane. Vi slapp den påståelege nordavinden som vanlegvis er i Askvoll på denne tida. Laurdag hadde instruktøren med seg to assistentar, søndagen vart ein med.

To kjekke dagar med mykje trening og moro! Alle bileta frå dagane finn du HER.

Aktivitetsdag 2 ved Askvoll skule

I dag var det klart for padling med 5.- 10 klasse. Nydeleg ver og lite vind! Sidan det var litt eldre elevar som skulle padle i dag enn i går, fekk padleassistentane lov til å padle enkle kajakkar.

Alle bileta finn du HER

Aktivitetsdag ved Askvoll skule

I dag fekk elevane frå 1. til 4. klasse prøve seg på kajakkpadling. Elevar frå ungdomsskulen sat bak i dei doble, og dei minste var framme. Nesten alle var ute å padla ein gong, og nokre var to gonger.

I dag var også siste gong med dei eldste padleassistentane. Dei er ferdig med 10. klasse på torsdag denne veka. Desse elevane har teke gratis grunnkurs og teknikkurs gjennom klubben, og bidrege mykje på padleaktivitetar opp i gjennom. Tusen takk for flott innsats!
Alle bileta frå dagen i dag finn du HER

Grunnkurs Ung

GRUNNKURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13 til 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune, med på grunnkurs i padling laurdag 22. og søndag 23. juni 2013. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Deltakarane får utdelt det dei treng av utstyr, men må ha med handkle, bytekle og niste/ varm drikke begge dagane. Dette kurset er gratis for deltakarar frå Askvoll kommune!

Påmelding (ein vaksen melder på!) på epost til: odinhest@hotmail.com

Når kurset nærmar seg, får alle påmelde opplysningar om kurset på epost. Kurshaldar er Odin Hestholm.

Askvoll padleklubb

Stormsamlinga 2012

Då var Stormsamlinga 2012 vel i hamn. Veret var svært varierande dene helga, med sol, regn, hagl, stiv kuling og vindstille. Det vart halde grunnkurs, teknikkurs og guida turar både innaskjærs og utaskjærs. Laurdag kveld var det samling i Floren, med fantastisk breiflabb, torsk og lammegryte. Takk til Liv Turid for god oppvartning! Også takk til alle som tok bilete som vi fekk bruke her på sida!

Alle bileta frå dagane kan du finne HER.

Aktivitetsdag på Askvoll skule 27.9.12

I dag var det aktivitetsdag på Askvoll skule. Dei fleste hadde valt fjelltur, men det var 12 stk som stilte opp på padleaktiviteten.

Det vart ein våt start på dagen, men det betra seg noko utover dagen. Vi padla inn til Straumsbrua og hadde matpause på Olset- stranda.

Alle bileta ligg HER.

STORMSAMLING 2012

Hei alle gode padlevener.

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 28 til 30 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som dei siste tre åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Det vert arrangert grunnkurs og teknikkurs, medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

På laurdags kvelden vert det verdas beste middag, kaffi og dessert i Floren er inkludert i kurs og pass, det vil vere sal av vin og øl i baren til ho Liv.

Totalt har vi 30 stormpass, 8 plassar på grunnkurs, 8 plassar på teknikkurs. Til saman 46 plassar.
Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen. Vi oppmodar dei som har musikkinstrument til å ta med, kanskje får vi til ein ”padleband jam” slik som i fjor.

Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

Ferjetider finn de på www.ruteinfo.net

Kva kostar så dette?:
Stormpass: 1000,- inkl guida turar og middag laurdag
Grunnkurs: 2500,- inkl middag laurdag
Teknikkurs: 2500,- inkl middag laurdag

Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,- for heile helga, vi leiger kun ut heile pakkar med kajakk, åre, trekk, våtdrakt, jakke, sko etc.

Send mail til oss på stormsamling@gmail.com for påmelding, betaling og andre detaljar.
Seinaste påmeldings / betalingsfrist er 20 september 2012, hugs at det er bindande påmelding!
Bli fan på Facebook :) her

Antal påmelde per 3 september:

Grunnkurs (8 plassar): 2 påmelde
Teknikkurs (8 plassar): 5 påmelde
Stormpass (30 plassar): 28 påmelde

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten (stormsamling@gmail.com) eller kontakt tlf nr
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet
Styret i Askvoll Padleklubb

Teknikkurs UNG 2012

Måndag 13. og tysdag 14. august hadde vi eit gratis teknikkurs for ungdom i klubben vår. Det var fem påmelde. Måndagen hadde Odin gruppa åleine, og gjekk igjennom det meste av pensumet på kurset. Tysdagen var Roger med som kurshaldar også. Då reiste vi i Holevika på Staveneset. Vanlegvis er det ingen problem å finne bølgjer til å trene på her, med denne dagen var det nesten flatt hav overalt.. Vi fann likevel nokre skvalpeskjær som vi fekk trene oss på.

Ein sporty gjeng fekk trene på mykje, og var spesielt ivrig på badinga. Alt i alt to flotte dagar med kjekk Askvoll- ungdom!

Alle bileta frå dagane finn du HER!

Skjærgårdstreffet 2012

Askvoll padleklubb hadde padleaktivitet for store og små, fredag 20. juli, under familiedagen på Skjærgårdstreffet. Nesten hundre ungar fekk prøve å padle i doble kajakkar, fordelt på seks grupper.
Vi hadde god hjelp av desse ungdommane i dag:

Dei har teke grunnkurs/ teknikkurs med klubben, og hjalp til med å ha kontroll på flokken i den sterke vinden..

Alle bileta ligg HER!

Teknikkurs UNG!

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13- 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune med på teknikkurs i padling måndag 13. og tysdag 14. august 2012. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum første dag, og i Hollevika andre dag. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.
Kurset er gratis for deltakarar frå Askvoll kommune.

NB: For å delta på dette kurset MÅ du ha teke grunnkurset!

Dei som tok grunnkurset i år får ikkje tilbodet denne gongen. De bør padle litt meir før teknikkurset! :-)

Deltakarane får utdelt det dei treng av utstyr, men må ha med handkle, bytekle og niste/ varm drikke begge dagane.

Påmelding (Deltakaren kan melde på sjølv, men de må snakke med foreldra om lov!) på epost til: odinhest@hotmail.com
Hugs å gje opp eit telefonnummer til ein av foreldra!

Når kurset nærmar seg, får alle påmelde opplysningar om kurset på epost. Kurshaldarar er Odin Hestholm og Roger Kløvtveit

Bilete frå Grunnkurs UNG

I helga vart det helde Grunnkurs Ung på Øyra. Arrangør denne gongen var Turlaget i Sogn og Fjordane.

Alle bileta finn du her.

Aktivitetsdag 19.juni

I dag var det aktivitetsdag på Askvoll skule med padling på Øyra. Sidan dei fleste elevane hadde valt overnattingstur, var det ikkje så mange som var med denne gongen.

Veret var slik det plar vere. Mykje vind og ein del bølgjer midt på dagen. Men alle tok utfordringane med godt humør! Tre elevar med grunnkurs/ teknikkurs var med som hjelparar i dag. Tusen takk til dei for god hjelp!

Alle bileta finn du HER!

Utedag med småskulen og 9.klasse

I dag, tysdag 5.juni hadde 9.klasse ein fellestur med 1.- 3.klasse. Etter å ha gjennomført ein tretimers tur i skogen, der dei store passa på dei små, avslutta vi på Øyra. Der hadde vi aktivitetar og padling. Fire elevar med grunnkurs og teknikkurs i 9.klasse padla bakerst i doble kajakkar, med dei små framme. Alle fekk prøve å padle, mange for første gong! Og at det var populært, trur eg bileta kan skrive under på..

Alle bileta frå dagen kan du sjå HER.

Nybyrjarkurs kajakk UNG, Askvoll

Det vert arrangert nybyrjarkurs i padling på Øyra 22.- 24 juni på Øyra i Askvoll. Arrangør er Sogn og Fjordane turlag. Kurshaldarar vert instruktørar frå Askvoll padleklubb. Dette kurset er for ungdom frå 13- 18 år.
Kursavgifta er 1100 for medlemmar av turistforeningen, og 1350 for andre.. Dette dekkjer instruksjon, alt utstyr, matservering (kveldsmat, frukost, middag) og overnatting.
Meir info og påmelding finn du HER!
Meld deg på! Dette blir moro!

Artikkel i Padling

Askvoll padleklubb hadde teknikkurs Ung i fjor sommar. Ein artikkel frå desse dagane, vart trykt i bladet; Padling. Du kan lese denne artikkelen elektronisk her:

Teknikkurs Ung