Viser arkivet for stikkord familiedag

Skjærgårdstreffet 2012

Askvoll padleklubb hadde padleaktivitet for store og små, fredag 20. juli, under familiedagen på Skjærgårdstreffet. Nesten hundre ungar fekk prøve å padle i doble kajakkar, fordelt på seks grupper.
Vi hadde god hjelp av desse ungdommane i dag:

Dei har teke grunnkurs/ teknikkurs med klubben, og hjalp til med å ha kontroll på flokken i den sterke vinden..

Alle bileta ligg HER!

Familiedag i Holmedal 8. august

Søndag 8. august var medlemmar på nytt til stades på familiedagen i Holmedal med kajakkar. Dei som vil fekk prøve ein tur i dobbel kajakk. Mange nytta høvet og fekk seg ein fin tur i roleg sjø. Veret var overskya og ganske mildt.

Resten av bileta frå dagen finn du her