Viser arkivet for stikkord grunnkurs

Grunnkurs aktivitetsveka 2016

Denne veka hadde vi 12 elevar på grunnkurs tysdag og onsdag. Det var elevar frå 7. til 9. klasse. Alle gjorde ein flott innsats!

Alle bileta ligg her

Aktivitetsveka 2014


I år fekk vi til å arrangere grunnkurs for dei ungdommane som ville det i løpet av aktivitetsveka ved Askvoll skule. 15 elevar melde seg på kurset som vart gjennomført på måndagen og tysdagen. Alle bestod kurset med glans, og alle fekk utdelt våttkort med grunnkurs- oblat. Første dagen vart det etterkvart så mykje vind at det var ei utfordring å halde deltakarane samla! Tysdagen vart det heldigvis litt rolegare vindforhold, slik at vi fekk gjennomgått alt pensumet på kurset. Kurshaldarar var Jørn Magne H. Larsen og Odin Hestholm. Onsdagen var det dei som hadde valt padling, men ikkje kurs, sin tur. Då vart dei doble tekne i bruk i tillegg til nokre enkle. Alle bileta frå dagane finn du HER!

Grunnkurs Ung 2013

Denne helga hadde vi grunnkurs Ung i klubben. To jenter og fire gutar hadde meldt seg på. Vi var heldige med veret begge dagane. Vi slapp den påståelege nordavinden som vanlegvis er i Askvoll på denne tida. Laurdag hadde instruktøren med seg to assistentar, søndagen vart ein med.

To kjekke dagar med mykje trening og moro! Alle bileta frå dagane finn du HER.

Grunnkurs Ung

GRUNNKURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13 til 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune, med på grunnkurs i padling laurdag 22. og søndag 23. juni 2013. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Deltakarane får utdelt det dei treng av utstyr, men må ha med handkle, bytekle og niste/ varm drikke begge dagane. Dette kurset er gratis for deltakarar frå Askvoll kommune!

Påmelding (ein vaksen melder på!) på epost til: odinhest@hotmail.com

Når kurset nærmar seg, får alle påmelde opplysningar om kurset på epost. Kurshaldar er Odin Hestholm.

Askvoll padleklubb

Bilete frå Grunnkurs UNG

I helga vart det helde Grunnkurs Ung på Øyra. Arrangør denne gongen var Turlaget i Sogn og Fjordane.

Alle bileta finn du her.

Grunnkurs for ungdom

I dag har Oddvinn hatt første dag av grunnkurset for ungdom. Det var i alt 5 deltakarar. To jenter og tre gutar. Og som alle grunnkurs for ungdom, vart det mykje bading og leik. Ein sporty gjeng som ikkje var redde for å bli våte!

Alle bileta frå første dagen ligg her.

Grunnkurs i padling for ungdom frå 13- 18 år.

GRUNNKURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13 til 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune med på grunnkurs i padling laurdag 18. og søndag 19. juni 2011. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Deltakarane får utdelt det dei treng av utstyr, men må ha med handkle, bytekle og niste/ varm drikke begge dagane. Dette kurset er gratis for deltakarar i Askvoll kommune!

Påmelding (ein vaksen melder på!) på epost til: motvind@live.com

Når kurset nærmar seg, får alle påmelde opplysningar om kurset på epost. Kurshaldar er Oddvinn Ravnøy.

Askvoll padleklubb