Viser arkivet for stikkord i

Stormsamling 2016

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 22 til 24 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerer Stormsamling i Bulandet.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 40 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt og melde seg på!

Medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass.

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Det vert ein tradisjonell Stormsamlingsmiddag, kaffi og dessert i Floren på laurdag kveld,denne er inkludert i prisen, drikke til maten må kjøpast. Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen.

Totalt har vi 40 stormpass.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.
Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

Ferjetider finn de på www.kringom.no, det kan køyras ferjefritt mellom Lavik og Askvoll, køyretid ca. 1t 10min.

Kva kostar så dette?:
Stormpass: 1100,- inkl guida turar og middag laurdag

Påmelding og betaling HER.

Seinaste påmeldingsfrist er 21 september 2016, hugs at det er bindande påmelding!
Bli fan på Facebook, sjå Askvoll padleklubb

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten (stormsamling@gmail.com) eller kontakt tlf nr
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet
Styret i Askvoll Padleklubb

Vårslepp i Bulandet

Klubben har teke på seg å arrangere Vårslepp i Bulandet frå den 23 til 25 april. Sponsorar er Njord og God Tur.

Kva skjer? Vi ynskjer å samle padlarar frå fjern og nær til ein knallstart på sesongen i Bulandet. To dagar med flott padling, småprat og skrøner rundt bordet, både fredag og laurdag kveld. Vi har eit begrensa tal plassar og fyrstemann til mølla gjeld.

Det vert Grunnkurs, Teknikkurs og eit einkelt ”Vårpass” for den som berre vil ut å padle. Medlemmer frå Askvoll padleklubb guidar til gode surfeplassar og ein roleg tur.

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Verdas beste Laurdagsmiddag med kaffi og dessert i Floren til Liv Turid er inkludert, drikke til maten tek de med sjølve. Totalt har vi 20 Vårpass og 12 plassar på Grunnkurs og 8 plassar på Teknikkurs, tilsaman 40 plassar.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Etter middagen viser vi dagens innsamla bilete og utfordrar til performance og poesi.

Overnatting må kvar einkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande.

Kva kostar så dette:

Vårpass – 1000,- inkl guida turar og middag laurdag

Grunnkurs – 2300,- inkl middag laurdag

Teknikkurs – 2300,- inkl middag laurdag

Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,-

Send mail til oss på vaarslepp@gmail.com for påmelding, betaling, fergetider og andre detaljar

Seinaste påmeldings / betalingsfrist er 15 april 2010

Bli fan på Facebook, sjå www.facebook.com/pages/Askvoll-Padleklubb

Påmelde per 6 april:

Grunnkurs: 9 påmelde – kun 3 plassar igjen

Teknikkurs: 6 påmelde – kun 2 plassar igjen

Vårpass: 17 påmelde – kun 3 plassar igjen

Padlefilm frå Bulandet