Viser arkivet for stikkord kajakk

Vårslepp i Bulandet

Våren er vonaleg ikkje så langt unna så Askvoll padleklubb inviterer med dette til Vårslepp 22 til 24 April 2011 i Bulandet.

Etter ynskje frå mange padlarar så vil vi ta sikte på å ha eit arrangement der padle og matglede er i fokus, på grunn av dette har vi velt å ikkje arrangere kurs av noko slag. Vi vil heller ikkje setje opp formelle guida turar. Dette vil verte sett opp på Stormsamlinga den 30 september til 2 oktober 2011.

Om du ikkje er kjend i området så kan du vere med ein av oss frå Askvoll ut på tur. Vi har bestilt Floren på fredag kveld, så det er berre å komme innom for sosialisering og padleprat.

Middag på laurdags kvelden, vil verte av beste kvalitet sidan Liv Turid Gjørøy er kokk i år igjen.
Det vert servert middag med dessert og kaffi ca klokka 19.00 på laurdag kvelden. Vatn vert servert til maten, Liv Turid sel brus, om du vil ha noko anna å drikke så tek du med deg dette. Floren er open til ca kl 01.00 så det vert god tid til å treffe gamle og nye kjende.

Vi samlar inn bilete frå dagen og viser på skjerm etter middagen. Totalt har vi plass til 50 personar på middag. Denne må vere førehandsbetalt til Askvoll Padleklubb og kostar 600 kroner per person. Prinsippet om fyrstemann til mølla gjeld.

Send e-post til vaarslepp@gmail.com for betalingsinformasjon med meir.

Vi ynskjer deg velkomen til Bulandet

Mvh

Styret

Padlekurs for ungdom i Askvoll

Askvoll Padleklubb gjentek suksessen frå i fjor og inviterar ungdom frå 13- 18 år på gratis grunnkurs i padling. Kurset er for ungdom i Askvoll kommune. Datoane er måndag 21 og tysdag 22. juni. Første veka i skuleferien. Som de ser er kurset over to dagar. Vi tek til klokka 9.00 og held på i ca 8 timar kvar dag. Kurset tek for seg det grunnleggjande i kajakkpadling, og deltakarane får utdelt våttkort etter kurset. Og det beste av alt: Det er gratis..

Påmelding på epost til: odinhest@hotmail.com

Stormsamling i Bulandet 16-18 oktober

Minner alle medlem om at de må seie ifrå til meg om de skal ha kajakk og anna utstyr til Stormsamlinga. Send bestilling til meg så snart som råd. Vil og oppmode så mange som mogeleg om å vere med på denne samlinga. Hugs, det er den beste samlinga i landet og den vert arrangert i vårt eige område.