Viser arkivet for stikkord padling

Padling med 1.- 4. klasse

Tysdag 31. mai var det padling for alle elevane frå 1. 4. klasse ved Askvoll skule. Veret var heilt perfekt, med fine temperaturar og vindstille. Alle fekk prøve seg i dobbel kajakk med ein 9 .klassing som satt bakarst og passa på. Ein kjekk dag for alle involverte!

Alle bileta finn du her

Valfag 9.klasse

I dag, 3. oktober var det 9.klasse sin tur til å ha padling i valfaget: “Fysisk aktivitet og kosthald”.

I dag fekk vi også bruk for dei nye Atlantic LV- kajakkane vi har kjøpt frå God Tur i Bergen. Alle bileta frå dagen ligg HER.

Utedag med småskulen og 9.klasse

I dag, tysdag 5.juni hadde 9.klasse ein fellestur med 1.- 3.klasse. Etter å ha gjennomført ein tretimers tur i skogen, der dei store passa på dei små, avslutta vi på Øyra. Der hadde vi aktivitetar og padling. Fire elevar med grunnkurs og teknikkurs i 9.klasse padla bakerst i doble kajakkar, med dei små framme. Alle fekk prøve å padle, mange for første gong! Og at det var populært, trur eg bileta kan skrive under på..

Alle bileta frå dagen kan du sjå HER.

Nybyrjarkurs kajakk UNG, Askvoll

Det vert arrangert nybyrjarkurs i padling på Øyra 22.- 24 juni på Øyra i Askvoll. Arrangør er Sogn og Fjordane turlag. Kurshaldarar vert instruktørar frå Askvoll padleklubb. Dette kurset er for ungdom frå 13- 18 år.
Kursavgifta er 1100 for medlemmar av turistforeningen, og 1350 for andre.. Dette dekkjer instruksjon, alt utstyr, matservering (kveldsmat, frukost, middag) og overnatting.
Meir info og påmelding finn du HER!
Meld deg på! Dette blir moro!

Skjærgårdstreffet 2011

Askvoll padleklubb hadde aktivitetar for ungar fredagen på Skjærgårdstreffet. Oppunder 100 ungar fekk prøve padling i doble kajakkar på Øyra. Ungdom som har teke grunnkurs og teknikkurs i klubben, var med som hjelparar.

Alle bilete frå dagen ligg her.

Grunnkurs for ungdom

I dag har Oddvinn hatt første dag av grunnkurset for ungdom. Det var i alt 5 deltakarar. To jenter og tre gutar. Og som alle grunnkurs for ungdom, vart det mykje bading og leik. Ein sporty gjeng som ikkje var redde for å bli våte!

Alle bileta frå første dagen ligg her.

Aktivitetsveka 2011

Tysdag 14. og onsdag 15. juni hadde klubben aktivitetar for elevar ved Askvoll skule. Vi padla tre turar innover mot Kyllaren. Tysdagen var det litt regn og godt med vind. Onsdagen klarna det opp litt.

Alle bileta frå dagane finn du HER!

Grunnkurs i padling for ungdom frå 13- 18 år.

GRUNNKURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13 til 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune med på grunnkurs i padling laurdag 18. og søndag 19. juni 2011. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Deltakarane får utdelt det dei treng av utstyr, men må ha med handkle, bytekle og niste/ varm drikke begge dagane. Dette kurset er gratis for deltakarar i Askvoll kommune!

Påmelding (ein vaksen melder på!) på epost til: motvind@live.com

Når kurset nærmar seg, får alle påmelde opplysningar om kurset på epost. Kurshaldar er Oddvinn Ravnøy.

Askvoll padleklubb

Vårsleppet på Bulandet 2011

Då var Vårsleppet vel i hamn for i år. Tolv var påmelde denne gongen. Vi hadde medlemmar frå Askvoll, Herøy og BSI. Vi valde å ikkje organisere så mykje denne gongen. Dette treffet var meint som ein møtestad for padleglade folk som hadde pakka bort skiene og var klare for å feire påska på sjøen.


Laurdag var det finver med sol frå klar himmel. Då fekk vi ei omvisning til Værlandet av klubbguiden vår, Lasse. Veldig kjekt å sjå denne delen av øyriket også. Vi tok rastepause på Sanden på søre Værholmen.

Laurdagskvelden var det som vanleg middag hos Liv Turid. Vi fekk servert nydeleg lam med tilbehør. Søndagen vart det litt betre forhold for bølgjeleik, då vinden hadde auka på litt.

Alle bileta frå samlinga finn du her.

Seks videoar finn du her.

Tusen takk til alle som var med på denne ekslusive samlinga, og takk til alle som tok bilete og filma videoar. Og vel møtt til Stormsamlinga!

Stormsamlinga på Bulandet 8.- 10. oktober

Askvoll padleklubb gjentek suksessen frå Vårsleppet, og arrangerar Stormsamling til hausten. Sponsorar er Njord og God Tur.

Denne gongen vert det ein litt anna stormsamling enn tidlegare. Vi har berre 40 plassar. Sidan samlinga på kveldane vert i Fjøsen hos Liv Turid, vert det litt færre plassar enn ved tidlegare stormsamlingar. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Det vert grunnkurs og teknikkurs . I tillegg vil vi arrangere eit “Introduksjonskurs til surfing”. Medlemmar frå Askvoll padleklubb vil også tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).
Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Verdas beste middag med kaffi og dessert i Floren til Liv Turid er inkludert, drikke til maten tek de med sjølve.

Totalt har vi 12 stormpass, 8 plassar på grunnkurs (Her kan vi kanskje få plass til fleire), 8 plassar på teknikkurs og 12 plassar på dagskurset “Introduksjon til surfing” fordelt på to dagar etter nivå. Dette kurset er altså berre EIN dag!

Tilsaman 40 plassar.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen og utfordrar til performance og poesi..

Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande.

Ferjetider finn de her

Kva kostar så dette?:

  • Stormpass: 1000,- inkl guida turar og middag laurdag
  • Grunnkurs: 2300,- inkl middag laurdag
  • Teknikkurs: 2300,- inkl middag laurdag
  • Dagskurs “Introduksjon til surfing”: 1500 inkl middag laurdag
  • Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,-

Send mail til oss på stormsamling@gmail.com for påmelding, betaling og andre detaljar.

Seinaste påmeldings / betalingsfrist er 1. oktober 2010

Bli fan på Facebook, sjå www.facebook.com/pages/Askvoll-Padleklubb

Påmelde per 28. september:

Grunnkurs (8 plassar (kanskje fleire): 6 påmelde

Teknikkurs (8 plassar): 5 påmelde

Surfekurs (18 plassar): 18 påmelde (Fullt)

Stormpass (12 plassar): 6 påmelde

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten (stormsamling@gmail.com) eller kontakt tlf nr
95 87 39 15 (Odin Hestholm). Helst epost..

Klubben har også to kajakkar til sals av merket Curret Design Sirocco for 9000,- pr stk.. Vert seld med åre og vest. Desse kan vi ta med ut på samlinga.

Torsdagspadling i haust!

Vi kjem til å ha ein fast padledag i haust. Det vert på torsdagar klokka 17.30.

Kvar gong kjem det til å vere med ein aktivitetsleiar som har ansvaret. Dei som skal bruke våtdrakt, må hugse bytekle og handkle. Dette er dagane det blir tur:

Torsdag 19.8: ( Roger K. er ansvarleg )

Torsdag 26.8: ( Lasse S. er ansvarleg )

Torsdag 2. 9: ( Odin H. er ansvarleg )

Torsdag 9.9 ( Jørn Magne L er ansvarleg )

Torsdag 16.9 ( Roger K. er ansvarleg )

Torsdag 23. 9 ( Odin H. er ansvarleg )

Torsdag 30.9 ( Lasse S. er ansvarleg )

Skjærgårdstreffet 2010

Fredag 16. juli var det aktivitetsdag på Øyra i forbindelse med Skjærgårdstreffet. Vi i padlegruppen hadde seks doble kajakkar i bruk heile dagen. Ca 100 ungar fekk prøve seg utpå.

Mykje moro for både store og små..

Fleire bilete ligg: HER

Video med rulling av dobbel kajakk: HER

Klubbtur til Bulandet

Den 5. og 6. juli var medlemmar av klubben på tur til Bulandet. Måndagen vart brukt til å spele inn opptak med padling, som blir sendt på NRK i “Sommeråpent” måndag 12. juli.

Her er innslaget som vart sendt: Padleinnslag frå Bulandet

Vi var ute å leika oss litt denne dagen også, men bølgjene var litt rotete, så det vart vanskeleg å finne ein bra stad for surfing. Måndagen vart avslutta med eit festmåltid i Floren til Liv Turid, med to heimelaga supper og hjortegryte. Knallgod mat!

Tysdagen var det berre tur og leik. Vi leita litt rundt og fann til slutt nokre fine stader.

Bilete frå klubbturen juli 2010

Videoar frå desse dagane ligg HER

Aktivitetsveka i Askvoll

Her er bilete frå tre dagar med padling frå Øyra og innover mot Kyllaren. Elevar frå 4. klasse til 10.klasse fekk prøve dobbelkajakk. Elevane i 9. og 10. klasse fekk også tilbod om å prøve enkel. Vi var stort sett heldig med veret alle dagane. Måndag var det sterk vind, så det måtte mykje padling til for å kome seg framover. Med litt slepehjelp gjekk det bra!

Fleire bilete frå dagane finn du her

Padlekurs for ungdom i Askvoll

Askvoll Padleklubb gjentek suksessen frå i fjor og inviterar ungdom frå 13- 18 år på gratis grunnkurs i padling. Kurset er for ungdom i Askvoll kommune. Datoane er måndag 21 og tysdag 22. juni. Første veka i skuleferien. Som de ser er kurset over to dagar. Vi tek til klokka 9.00 og held på i ca 8 timar kvar dag. Kurset tek for seg det grunnleggjande i kajakkpadling, og deltakarane får utdelt våttkort etter kurset. Og det beste av alt: Det er gratis..

Påmelding på epost til: odinhest@hotmail.com

Vårsleppet I Bulandet 2010

Så var Vårsleppet vel i hamn for i år. Askvoll padleklubb tok på seg arrangementet for første gong. Med god planlegging og innsats frå mange i klubben, klarte vi å sy i saman eit fint treff. Det var grunnkurs, teknikkurs og guida tur. To nivå. Flatt hav og ikkje flatt hav..

Veret såg ikkje så lovande ut på fredagen, men det klarna opp på laurdag. Kanskje litt kaldt for dei som måtte bade med våtdrakt, men berre smil å sjå. Laurdag kveld var det middag i Floren til Liv Turid. Kjempegod mat og drikke. Vi fekk også tid til ein Quiz og bilete- og videoframsyning. Nesten alle kom med på 16.15-ferja tilbake til fastlandet også..

Surfevideoar frå vårsleppet her

Fleire bilete finn du her

Aktivitetsveka 2009

Aktivitetsveka 2009 018

Denne veka har vi hatt padling i tre dagar. Elevane ved Askvoll skule har valt gruppe, slik at dei fekk ein dag med padling kvar. Vi har stort sett vore heldig med veret, bortsett frå ein del vind måndag og tysdag.

På føremiddagen padla vi turar frå Øyra til Straumsbruna. På ettermiddagen fekk dei som ville det, prøve enkle kajakkar. Det vart litt bading, men det tok alle med godt humør!
Alt i alt, tre fine dagar med mykje aktivitet, og mange blide fjes!

Fleire bilete finn du under biletemappa.

Jeff Allen og Mark Schoon i Askvoll

På sin veg nordover langs kysten, på veg til Kirkenes, har Jeff og Mark stoppa i Askvoll i to dagar. Dei kom klokka 20.30 fredag kveld, og reiste i dag, søndag klokka 11.30. Det har vore to fine dagar med mykje padlesnakk og tips om utstyr.
Fredag kveld var det pizza/øl- kveld hos meg. På laurdag hadde Jeff presentasjonen sin frå ekspedisjonane han har vore med på. Kjempeflotte bilete og mange artige fortejingar. Laurdag kveld var vi hos Roger og Grete på ein fantastisk hjortemiddag. Jeff og Mark er to fine typar med mange historiar, og mange gode tankar om livet. Alt i alt ein flott helg, som vi kjem til å leve lengje på!

Mark og Jeff. To trivelege karar!

NDK og IMPEX

Jeff sjekkar senkekjølen.

Jeff gir full gass.