Viser arkivet for stikkord skjærgårdstreffet

Skjærgårdstreffet 2015

Askvoll padleklubb var i aksjon under familiedagen på årets Skjærgårdstreff. Mange ungar fekk høve til å padle. Veret var stille og fint. Takk til dei tre padleassistentane som ville vere med å hjelpe til denne dagen!

Fleire bilete frå dagen finn du HER.

Skjærgårdstreffet 2014

Askvoll padleklubb hadde også i år aktivitetar på aktivitetsdagen. Både store og små fekk prøve kajakk, nokre for første gong.

Alle bileta frå dagen finn du HER

Skjærgårdstreffet 2013

Askvoll padleklubb hadde aktivitet 19. juli på familiedagen til Askvoll/Holmedal idrettslag. Om lag 90 ungar og nokre vaksne fekk prøve kajakkpadling på Øyra. Vi var heldige med veret. Etter ei veke med regn, skein sola!

Alle bileta frå dagen finn du HER.

Takk til Espen, Sindre og Runar for god hjelp under arrangementet!

Skjærgårdstreffet 2012

Askvoll padleklubb hadde padleaktivitet for store og små, fredag 20. juli, under familiedagen på Skjærgårdstreffet. Nesten hundre ungar fekk prøve å padle i doble kajakkar, fordelt på seks grupper.
Vi hadde god hjelp av desse ungdommane i dag:

Dei har teke grunnkurs/ teknikkurs med klubben, og hjalp til med å ha kontroll på flokken i den sterke vinden..

Alle bileta ligg HER!

Skjærgårdstreffet 2011

Askvoll padleklubb hadde aktivitetar for ungar fredagen på Skjærgårdstreffet. Oppunder 100 ungar fekk prøve padling i doble kajakkar på Øyra. Ungdom som har teke grunnkurs og teknikkurs i klubben, var med som hjelparar.

Alle bilete frå dagen ligg her.

Skjærgårdstreffet 2010

Fredag 16. juli var det aktivitetsdag på Øyra i forbindelse med Skjærgårdstreffet. Vi i padlegruppen hadde seks doble kajakkar i bruk heile dagen. Ca 100 ungar fekk prøve seg utpå.

Mykje moro for både store og små..

Fleire bilete ligg: HER

Video med rulling av dobbel kajakk: HER

Skjærgårdstreffet

Sjærgårdstreffet 007

Fredag 17. juli var det aktivitetsdag for ungar på Øyra og området rundt. Vi i padlegruppa hadde 6 gruppar innom vår stasjon. Alle fekk prøve doble kajakkar og nokre fekk også prøve dei enkle. Vi var heldige med veret. Sol heile dagen. Klubben ynskjer å takke Nina, Anja og Marie for at dei ville vere med som padlevaktar!

Sjærgårdstreffet 003

Sjærgårdstreffet 011

Sjærgårdstreffet 013

Sjærgårdstreffet 015