Viser arkivet for stikkord skule

Aktivitetsveka torsdag

Torsdagen var det høve for dei som berre ville prøve padling litt, å melde seg på halvdagsaktivitet. Vi hadde ei gruppe ute før lunsj, og ei etter. Dei som hadde teke grunnkurs frå tidlegare fekk padle i enkle kajakkar.

Alle bileta frå denne dagen ligg her

Padling med 1.- 4. klasse

Tysdag 31. mai var det padling for alle elevane frå 1. 4. klasse ved Askvoll skule. Veret var heilt perfekt, med fine temperaturar og vindstille. Alle fekk prøve seg i dobbel kajakk med ein 9 .klassing som satt bakarst og passa på. Ein kjekk dag for alle involverte!

Alle bileta finn du her

Aktivitetsveka 2014


I år fekk vi til å arrangere grunnkurs for dei ungdommane som ville det i løpet av aktivitetsveka ved Askvoll skule. 15 elevar melde seg på kurset som vart gjennomført på måndagen og tysdagen. Alle bestod kurset med glans, og alle fekk utdelt våttkort med grunnkurs- oblat. Første dagen vart det etterkvart så mykje vind at det var ei utfordring å halde deltakarane samla! Tysdagen vart det heldigvis litt rolegare vindforhold, slik at vi fekk gjennomgått alt pensumet på kurset. Kurshaldarar var Jørn Magne H. Larsen og Odin Hestholm. Onsdagen var det dei som hadde valt padling, men ikkje kurs, sin tur. Då vart dei doble tekne i bruk i tillegg til nokre enkle. Alle bileta frå dagane finn du HER!

Valfag: Fysisk aktivitet

I dag hadde 8. klasse valfag “Fysisk aktivitet” med padling på planen. 16 elevar fekk prøve padling i dag. Dei elevane som har teke våttkort med klubben vår, fekk padle i enkle kajakkar.

Alle bileta frå dagen ligg HER.

Aktivitetsdag 2 ved Askvoll skule

I dag var det klart for padling med 5.- 10 klasse. Nydeleg ver og lite vind! Sidan det var litt eldre elevar som skulle padle i dag enn i går, fekk padleassistentane lov til å padle enkle kajakkar.

Alle bileta finn du HER

Aktivitetsdag på Askvoll skule 27.9.12

I dag var det aktivitetsdag på Askvoll skule. Dei fleste hadde valt fjelltur, men det var 12 stk som stilte opp på padleaktiviteten.

Det vart ein våt start på dagen, men det betra seg noko utover dagen. Vi padla inn til Straumsbrua og hadde matpause på Olset- stranda.

Alle bileta ligg HER.

Aktivitetsdag 19.juni

I dag var det aktivitetsdag på Askvoll skule med padling på Øyra. Sidan dei fleste elevane hadde valt overnattingstur, var det ikkje så mange som var med denne gongen.

Veret var slik det plar vere. Mykje vind og ein del bølgjer midt på dagen. Men alle tok utfordringane med godt humør! Tre elevar med grunnkurs/ teknikkurs var med som hjelparar i dag. Tusen takk til dei for god hjelp!

Alle bileta finn du HER!

Utedag med småskulen og 9.klasse

I dag, tysdag 5.juni hadde 9.klasse ein fellestur med 1.- 3.klasse. Etter å ha gjennomført ein tretimers tur i skogen, der dei store passa på dei små, avslutta vi på Øyra. Der hadde vi aktivitetar og padling. Fire elevar med grunnkurs og teknikkurs i 9.klasse padla bakerst i doble kajakkar, med dei små framme. Alle fekk prøve å padle, mange for første gong! Og at det var populært, trur eg bileta kan skrive under på..

Alle bileta frå dagen kan du sjå HER.

Aktivitetsveka 2011

Tysdag 14. og onsdag 15. juni hadde klubben aktivitetar for elevar ved Askvoll skule. Vi padla tre turar innover mot Kyllaren. Tysdagen var det litt regn og godt med vind. Onsdagen klarna det opp litt.

Alle bileta frå dagane finn du HER!