Velkomen til Askvoll Padleklubb. Ein høgst oppegåande padleklubb langt vest!

Satsningsområde:

  • Aktivitetar innan barne- og ungdomsarbeid. Vi har aktivitetsdagar for skular og lag gjennom heile året.
  • Introkurs og grunnkurs for folk i alle aldre.
  • Turar for medlemmane kvar torsdag ettermiddag på hausten.
  • Arrangere Vårslepp og Stormsamling på Bulandet

*Om du er interessert i å ta introkurs (3 timar), send ein epost til leiaren (Roger Kløvtveit). Viss du er interessert i 16 timars grunnkurs eller teknikkurs i Askvoll, kan du klikke på denne lenka.

Nye bilder

Stenging av Origo

Origo blir stengd frå 31. oktober. All aktivitet til Askvoll padleklubb vil no framover vere på facebook.

Stormsamling 2016

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 22 til 24 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerer Stormsamling i Bulandet.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 40 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt og melde seg på!

Aktivitetsveka torsdag

Torsdagen var det høve for dei som berre ville prøve padling litt, å melde seg på halvdagsaktivitet. Vi hadde ei gruppe ute før lunsj, og ei etter. Dei som hadde teke grunnkurs frå tidlegare fekk padle i enkle kajakkar.

Alle bileta frå denne dagen ligg her

Grunnkurs aktivitetsveka 2016

Denne veka hadde vi 12 elevar på grunnkurs tysdag og onsdag. Det var elevar frå 7. til 9. klasse. Alle gjorde ein flott innsats!

Alle bileta ligg her

Padling med 1.- 4. klasse

Tysdag 31. mai var det padling for alle elevane frå 1. 4. klasse ved Askvoll skule. Veret var heilt perfekt, med fine temperaturar og vindstille. Alle fekk prøve seg i dobbel kajakk med ein 9 .klassing som satt bakarst og passa på. Ein kjekk dag for alle involverte!

Alle bileta finn du her

STORMSAMLING 2015

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 25 til 27 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerer Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt og melde seg på!

Skjærgårdstreffet 2015

Askvoll padleklubb var i aksjon under familiedagen på årets Skjærgårdstreff. Mange ungar fekk høve til å padle. Veret var stille og fint. Takk til dei tre padleassistentane som ville vere med å hjelpe til denne dagen!

Padledag aktivitetsveka onsdag 17. juni

Onsdag i aktivitetsveka var det dei som ikkje skulle ha grunnkurs sin tur til å padle. Då var det padling med dobbelkajjakk, og enkelkajakk for dei som har teke grunnkurset tidlegare år.

Fleire bilete frå dagen finn du HER.

Grunnkurs for ungdom

Måndag 15. og tysdag 16. juni hadde vi grunnkurs for ungdom på Øyra. Tilbodet var ein del av Aktivitetsveka ved Askvoll skule. 14 ungdommar i alderen 13 til 16 år fekk høve til å ta grunnkurset.

Veret var tåleg bra, sjølv om det kanskje kunne vore litt betre badetemperatur..

Padleaktivitet med 1.- 4. klasse ved Askvoll skule

Tysdag 9. juni hadde vi padling med alle elevane frå 1.- 4. klasse. Åttandeklassingane med grunnkurs frå i fjor var med som hjelparar under dagen. Omlag 50 elevar fekk prøve å padle dobbelkajakk.

Fleire bilete finn du HER.

STORMSAMLING 2014

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 26 til 28 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Skjærgårdstreffet 2014

Askvoll padleklubb hadde også i år aktivitetar på aktivitetsdagen. Både store og små fekk prøve kajakk, nokre for første gong.

Aktivitetsveka 2014


I år fekk vi til å arrangere grunnkurs for dei ungdommane som ville det i løpet av aktivitetsveka ved Askvoll skule. 15 elevar melde seg på kurset som vart gjennomført på måndagen og tysdagen. Alle bestod kurset med glans, og alle fekk utdelt våttkort med grunnkurs- oblat. Første dagen vart det etterkvart så mykje vind at det var ei utfordring å halde deltakarane samla! Tysdagen vart det heldigvis litt rolegare vindforhold, slik at vi fekk gjennomgått alt pensumet på kurset. Kurshaldarar var Jørn Magne H. Larsen og Odin Hestholm. Onsdagen var det dei som hadde valt padling, men ikkje kurs, sin tur. Då vart dei doble tekne i bruk i tillegg til nokre enkle. Alle bileta frå dagane finn du HER!

Årsmøte for 2013

Dette vert på Askvoll skule den 13 februar 2014 kl 20.00

Årsmøtesaker

Valfag 9.klasse

I dag, 3. oktober var det 9.klasse sin tur til å ha padling i valfaget: “Fysisk aktivitet og kosthald”.

Stormsamling 2013

Då var Stormsamlinga 2013 over. Tusen takk til ale som var med på å gjere denne samlinga til ei kjekk helg. Det var mykje fin padling i helga. Både flotte turar og luftige svev..

Det var guiding og “lause” turar ut i bølgjene begge dagane. Laurdag kveld var det fantastsk middag i floren til Liv Turid. Årets samling hadde også levande musikk med gruppa: Sunday Morning. Alle bileta frå samlinga finn du HER

Valfag: Fysisk aktivitet

I dag hadde 8. klasse valfag “Fysisk aktivitet” med padling på planen. 16 elevar fekk prøve padling i dag. Dei elevane som har teke våttkort med klubben vår, fekk padle i enkle kajakkar.

STORMSAMLING 2013 – Ti års jubileum

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 27 til 29 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Sparebanken Sogn og Fjordane, Askvoll Kommune, Njord og God Tur.

Påmelding HER.

Skjærgårdstreffet 2013

Askvoll padleklubb hadde aktivitet 19. juli på familiedagen til Askvoll/Holmedal idrettslag. Om lag 90 ungar og nokre vaksne fekk prøve kajakkpadling på Øyra. Vi var heldige med veret. Etter ei veke med regn, skein sola!

Grunnkurs Ung 2013

Denne helga hadde vi grunnkurs Ung i klubben. To jenter og fire gutar hadde meldt seg på. Vi var heldige med veret begge dagane. Vi slapp den påståelege nordavinden som vanlegvis er i Askvoll på denne tida. Laurdag hadde instruktøren med seg to assistentar, søndagen vart ein med.

Aktivitetsdag 2 ved Askvoll skule

I dag var det klart for padling med 5.- 10 klasse. Nydeleg ver og lite vind! Sidan det var litt eldre elevar som skulle padle i dag enn i går, fekk padleassistentane lov til å padle enkle kajakkar.

Aktivitetsdag ved Askvoll skule

I dag fekk elevane frå 1. til 4. klasse prøve seg på kajakkpadling. Elevar frå ungdomsskulen sat bak i dei doble, og dei minste var framme. Nesten alle var ute å padla ein gong, og nokre var to gonger.

Grunnkurs Ung

GRUNNKURS I PADLING

Askvoll padleklubb inviterar ungdom frå 13 til 18 år tilhøyrande i Askvoll kommune, med på grunnkurs i padling laurdag 22. og søndag 23. juni 2013. Kurset er på ca 16 timar og vert halde på Øyra i Askvoll sentrum. Vi startar opp klokka 9.00 begge dagane.

Askvoll padleklubb

Følges av 25 medlemmer.

På denne sida vil du finne informasjon om Askvoll Padleklubb. Her vil vi også leggje ut bilete frå turar og aktivitetar, aktivitetar i framtida, artiklar mm.

INFORMASJON OM DENNE SIDA: På denne sida er det kun medlemmar i klubben som kan skrive. Men all informasjon og bilete ligg opent for alle. Dersom du har lyst til å bidra, må du først melde deg inn i klubben, så må du inviterast inn på denne sida.

Kontakt:

Roger Kløvtveit: e-post

Odin Hestholm: e-post

Kjell Yndestad: e-post
_________________________________________________
Askvoll Padleklubb er tilknytta idrettslaget AHIL.

_________________________________________________ Mer om sonen

Origo Askvoll padleklubb er en sone på Origo. Les mer

Styret i Askvoll padleklubb:

  • Leiar/sekretær: Roger Kløvtveit
  • Nestleiar/web: Odin Hestholm
  • Kasserar: Jørn Magne H. Larsen
  • Styremedlem: Oddvin Ravnøy
  • Styremedlem: Nina Haugstad

Bassengtrening:

Vi trenar i bassenget på Askvoll skule heile vinterhalvåret. Klokka 19.00 til 21.00 kvar torsdag.


Lenkjer:

Njord

God Tur

Norges Padleforbund

Kajakk1

Kjell sin blogg

Lene sin blogg

Odin sin blogg

Annonse